Frå neste skuleår vil Årdal Vidaregåande skule, i samarbeid med Årdal e-sport, tilby E-sport som programfag for elevar som går 1. år studeispesialisering. Opplegget er todelt, det er 2 timar i skuletida og 3 timar på ettermiddag. Timane på ettermiddag er det Årdal e-sport som har ansvar for, dei vert i våre nye lokale som er under oppussing.

Me er svært glade for denne avtalen, det er viktig både for skulen og for e-sportsklubben at me kan tilby dette i Årdal.

De kan lese meir om dette her:

https://www.sognavis.no/startar-opp-med-e-sport-fra-neste-skulear-me-hapar-at-jenter-ogsa-kan-tenkja-seg-dette/s/5-115-573248

https://www.porten.no/artiklar/gront-lys-for-fyrste-studietilbod-med-e-sport-i-sogn-og-fjordane/504488?key=Ydi7rmjz