E-sport er kort oppsummert konkurransar i dataspel. Dette kan utførast på datamaskiner eller spelkonsoll. Professionelle konkurransar har pengepremiar, og vert ofte sendt direkte med fleire millionar sjåarar.
I Norge er det Telialigaen som er den største organiserte turneringa. Den foregår i 2 sesongar kvart år, ein vårsesong og ein haustsesong. Spela ein kan konkurrere i der er:
- Rocket League
- League of Legends
- Counter Strike (CS:GO)
- Playerunknown’s Battlegrounds (Pubg)
- Hearthstone
Turneringane er definert i divisjonar med opp og nedrykk.
I tillegg deltek me på konkurransar i Overwatch.
Fysisk trening
1
- Fysisk trening er viktig for å kunne vere skjerpa i spela, kampane kan vare so lenge som 5 timar. I tillegg er det viktig å trene mage/rygg/skuldarar for å unngå belastningsskadar.
Teknisk trening
2
- Dei ulike spela krev ulike ferdigheiter, men felles for dei er: – øye-hånd koordinasjon – reflekser/reaksjon – evne til å tenke strategisk og taktisk.
Mental trening
3
- Mental trening skal gjere utøvaren klar for å kunne konkurrere. Det skal og gjere utøvaren klar for å takle stress og nerver.